Ordførarkandidat Aud Berit Alsaker Haynes må setja sitt håp til at 23,6 prosent til Arbeidarpartiet av førehandsrøystene ikkje er representativt for valkvelden.

Eit slikt resultat gir ein tilbakegong på heile 15,9 prosent frå valet i 2003, då Magne Rommetveit blei attvald som ordførar for tredje gong.

Førehandsrøystene utgjer over ti pro-sent av totalt røystetal. Frp er her det største borgarlege partiet med 18,5 prosent av stemmene (fram 2,6), så vidt føre Høgre (18,3 prosent) og ordførarkandidat Liv kari Eskeland, som sender partiet fram med 10,2 prosent i høve til 2003-valet.