Ras over Vestlandsvegane skal ryddast, og vegar som glir ut langs bratte Vestlandslier skal reparerast så snart som råd er, sjølv om Vegstellet ikkje lenger har eigne folk klare til innsats.

— Beredskapsordningar blir ein viktig del av kontraktane når vegarbeidet skal lysast ut på tilbod, seier Torpp.

Men nivået på beredskapen vil kunne variera med løyvingane over statsbudsjettet, legg han til.

Vegstellet får fire års overgangstid til det nye systemet. Om lag ein firedel av vegnettet i kvar region skal lysast ut på tilbod i kvart av dei fire første åra. Noverande vegarbeidarar kan gjennom sitt nye selskap Vegproduksjon AS tevla om kontraktane.