— Eg stod her ved døra då han kom inn. Eg titta jo litt på kleda hans då, seier Tore Greve. Han var vitne til det mislykka ransforsøket ved Esso-stasjonen i Bjørnsons gate litt etter klokka 20 i går kveld.

Kjolen hadde ranaren truleg forsynt seg med frå soverommet til ei kvinne i Edvard Griegs vei nokre minutt før.

— Han hadde på seg svart jakke og eit vidt, fotsidt og blomstrete skjørt. Ein høg og tynn mann med ekte dameklede, seier Greve, som stod opptatt ved speleautomaten bak i butikken.

Framme ved kassa tok ranaren på mørke solbriller og trekte ei mørk hette over hovudet.

— Han ville ha pengane, og sa at det ville gå ille dersom det vart trykt på ransknappen, seier John Eirik Grova, som sat på pauserommet då kjoleranaren slo til.

Slo med stålstang

Bak kassa stod innehavaren sjølv, Jan Petter Stensvik.

— Han drog fram denne og prøvde å smelle til ranaren over disken, seier Grova og syner fram ei halvmeter lang stålstang med godt gripehandtak. Ranaren svarte med å dra fram ein spray og spraye Steinsvik i andletet.

— Heldigvis hadde ektemannen min briller på, og unngjekk å få det i augo, seier Anne-Kristine Steinsvik.

Bensinforhandlaren kjeppjaga deretter ranaren ut av butikken.

— Plutseleg kom dei springande her, ranaren først og innehavaren etter, seier Tore Greve, som ikkje hadde fått med seg dramatikken ved kassa.

Overrumpla på soverommet

Jakta gjekk over vegen, der ranaren forsvann ved Bergen Yrkesskole.

Politiet pågreip ti minutt etter ein 40 år gammal mann i Bjørnsons gate som dei meiner stod bak ranet ý utan kvinneklede, men elles ikkje ulik signalementet. Ein pose med kvinneklede, blant anna ein sid kjole, vart funne i ein hage like ved.

Den pågripne mannen hadde like før ransforsøket vorte overrumpla inne på soverommet til ei kvinne i Edvard Griegs vei like ved. Mannen forsvann ut soveromsglaset då kvinna oppdaga innbrotstjuven.

— Den pågripne har vedgått å ha vore inne på soverommet, og vi trur også det var han som var ranaren, seier vaktsjef Bernt Alnæs hos politiet i Bergen.

SLO ATTENDE: Innehavaren på Esso-stasjonen drog fram denne stålstanga då ranaren ville tømme kassa. John Eirik Grova sat på pauserommet då han høyrde rop og skrik frå butikken.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN