Det var innehavaren av G. Eikemo Landhandleri sjølv som meldte frå til politiet klokka 14.11 i ettermiddag.

— Innehavaren nekta å gi frå seg pengar, og då gutane skjønte at dei ikkje fekk noko, stakk dei av. Me er ute og leitar etter dei no, seier operasjonsleiar Øyvind Tuner i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Gutane skal vera svært unge. Begge skal vera lyse i huda og 160-165 centimeter høge. Dei var ikledd hettegenserar, såkalla saggebukser, caps, solbriller og hanskar.

— Me har mistanke om kven dei er, seier Tuner.