Det gjorde ho med eit supert skot frå 17 meter i andre omgang i kampen mellom Voss og Medkila i Prestegardsmoen i dag. Ballen curla inn i lengste hjørnet utan sjanse for målvakta.

Fortuna vann sin kamp 5-1 i Ålesund, men kalassiffer der var ikkje nok — samtidig måtte Medkila tape, noko eit velretta skot frå Bordalsjenta altså sørga for.

Ikkje kompiskøyring

Harstadlaget Medkila ville ha sikra seg opprykk til Toppserien dersom dei hadde teke poeng mot Voss i dag.

Og Voss kunne også ha greidd seg med eitt poeng - for sikkert å unngå nedrykk.

Begge lag ville med andre ord vore lykkelege med uavgjort. Men her var det ikkje teikn til kompiskøyr. Begge ville vinna. Voss var best og vann fortent.

Kalasseier ikkje nok

— Fortuna er eit betre lag enn Medkila, og rykker fortent opp, seier trenar Trond Storheim. som heller reiser til Harstad enn til Ålesund neste år.

— Blir du trenar neste sesong?

— Det er opp til jentene. Det kan godt tenkast at dei vil ha noko nytt etter seks år, og då skal ikkje eg stå i vegen, seier Storheim.

BEST: Voss vann fortent i moen i dag. Målscorar Randi Himle nærast ballen, med kapteinen Line Hårklau like bak. Til venstre Tonje Merete Dagsvik (raud nr. 20).
Arne Hofseth
MEDYNK: Medkila-jentene trong nokre trøystande ord etter å ha reist frå Harstad til Voss, men mislykkast i opprykkskampen.
Arne Hofseth
HELT I ÅLESUND: Randi Himle sikra opprykk for Fortuna Ålesund då ho vart matchvinnar for Voss mot Medkila. Til høgre trenar Trond Storheim.