Utstyrte med hettegenser, skjerf, gummihanskar og to fiskeknivar oppnådde dei eit ransutbyte på 1400 kroner og fire pakkar tobakk i ranet av kiosken på Haga på Stord 20.mai i fjor. No har Sunnhordland tingrett funne ei jente på 16, kjærasten på 19 og ein gut på 18 år skuldige i ranet, som har påført den 20 år gamle jenta bak disken sterke psykiske etterverknader.

Det var 19-åringen si tidlegare bot på 3000 kroner for drikking på offentleg stad som førte til at ranet av Bua kiosk blei planlagt, og deretter gjennomført med 19-åringen som hovudmann. Det var han som truga kioskdama med kniv mot brystet, medan den då 15 år gamle kjærasten hans låste kioskdøra frå innsida og heldt vakt, også ho med kniv i neven.

19-åringen er dømt til 200 timars samfunnsstraff, kjærasten slepp unna med sju månaders fengsel på vilkår. 18-åringen får 150 timars samfunnsstraff fordi han var med på planlegginga og gav klarsignal for ranet. Dei tre må betala kioskjenta i alt 47.000 kroner i oppreisning og tapt arbeidsforteneste. Ho sa straks etter ranet opp jobben i kiosken, og får no psykiatrisk hjelp for etterverknadene.

Ranaren og medhjelparane blei pågripne kort tid etter brotsverket, og har lagt alle kort på bordet i etterforskinga. Under planlegginga av ranet blei det røykt hasj, og dessutan forsynte alle tre seg av eit parti narkotiske tablettar dei fekk av ein slektning.