TERJE ULVEDAL

Politiet meiner ranet av Kiwi-butikken aldri fann stad. Dei meiner mannen fann på heile innbrotet for å dekke over sitt eige underslag.

Statsadvokaten har sett butikksjefen under tiltalte for å ha svindla til seg 60.000 kroner.

Til NRK Sogn og Fjordane seier mannen at tiltalen kom som ei bombe.

Ein storstila politiaksjon blei sett i verk då mannen melde frå om det væpna ranet i fjor. Politiet væpna seg, og sperra alle vegar ut av Årdal. Men ransmennene fann dei aldri.