Administrerande direktør Tom Rune Nilsen i Logistikk— og transportindustriens Landsforening (NHO) meiner det er under all kritikk at godset kjem to timar for seint fram.

På strekninga Oslo-Trondheim har toget kome for seint kvar einaste driftsdag i januar, viser statistikken. Tidvis har avviket vore oppe i nærare to timar.

Også informasjonssjef Einar Spurkeland i Schenker AS (tidlegare Linjegods) har klaga over at CargoNet sine godstog ikkje greier å halda ruta. Dei kjem fort på etterskot ved driftsstans, som det har vore fleire av på Bergensbanen i vinter.

Tom Rune Nilsen krev at samferdsleminister Liv Signe Navarsete kjem på banen og syter for vesentleg betre kvalitet på godstilbodet. Grunnen til elendet er årevis med forsømt vedlikehald, og at organisering og ansvarsdelinga ikkje er i pakt med tida.

— Det går ikkje an å levera så dårleg kvalitet i ei tid då norsk næringsliv si konkurransekraft er avhengig av varelevering i rett tid, seier Nilsen

Han minner om at auka godstrafikk på Bergensbanen svarar til om lag 100.000 vogntog på vegane. I dag er jernbanetransporten mest sin eigen fiende, hevdar han.