Festen i Førde kom så pass ut av kontroll at politiet rykka ut og tømte huset for folk.

— Det var ganske så ramponert, seier operasjonsleiar Kåre Hofrenning ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Politiet fekk eit anonymt tips laurdag kveld om festen. Då dei kom fram, fann dei korkje huseigar eller sonen (16) som hadde invitert til fest.

— Dei vaksne som budde der, var ikkje heime. Me fann først ikkje ungdommen som budde der heller, men han dukka opp då me fekk tømt huset, seier Hofrenning.

Politiet var på plassen litt før klokka 23.00 laurdag kveld.

PER MARIFJÆREN