Tjuvane har ramponert fleire kontor, rive ut skuffer og skap og kasta blomsterpotter veggimellom.

Innbrotet vart oppdaga og meldt til politiet då dei første tilsette kom på jobb fredag morgon.

Politiet vil overfor avisa Firda ikkje seie noko om korleis tjuvane klarte å ta seg inn i tredje etasje i NVE-lokala i Elvegården i Førde sentrum.

Det er ikkje synlege spor etter innbrot i hovudinngangen, og politiet har inntil vidare ingen konkrete mistenkte.