I eit brev til samferdsleseksjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune slår Fjord1 alarm om forholda på ekspressbåtkaiene i Askvoll, Rysjedalsvika og Krakhella. Reiarlaget fryktar for tryggleiken for passasjerane så vel som sine eigne tilsette.

Ikkje tilpassa båten

Problemet er at kaiene ikkje er tilpassa båttypane som trafikkerer der, med det resultat at landgangen, eller gangvegen, blir svært bratt ved stor flo eller fjøre.

Bergens Tidende har fått tilgang på to ferske rapportar frå ekspressbåten MS «Kommandøren», som begge fortel om uhell knytt til ombordstiging på ekstremt bratte landgangar.

Skrubbsår og smerter

Den 4. august i år skulle ei tysk kvinne stige ombord i ekspressbåten ved kai i Askvoll. Ho gleid og fall ifølgje rapporten stygt frå gangveg til dekk. Kvinna fekk skrubbsår på venstre albu, og klaga over smerter i skulder og nakke. Mannskapet skal ha bistått henne med plaster og ispose på skulder/nakke.

I rapporten heiter det vidare at uhellet skuldast «usedvanlig» lavvatn og dermed ekstremt bratt gangveg ombord i båten.

«Dette medfører at besetningen må hjelpe hver eneste passasjer ombor og i land. Selv om besetningen er behjelpelig, er det stor risiko for fall (..)».

Rapportskrivaren karakteriserer det som uforståeleg at ikkje dette mangeårige og godt kjente problemet blir tatt meir på alvor av reiarlaget.

Nok eit fall

Ein annan rapport er datert 31. august, og fortel om ei eldre dame som vart tilrådd å vente på hjelp frå mannskapet, men som likevel prøvde seg på eiga hand. Det gjekk gale, og enda «som vi så mange ganger har sett» med eit fall. Denne gongen kom passasjeren frå det utan synlege skader.

Vedlagt rapporten er foto som viser kva tilhøve som møter passasjerane.

«Legg til regn eller snø, eldre personer og gjerne en rullestol, samt masse bagasje, så ser man hva vi sliter med jevnlig», skriv rapportøren.

Ansvaret på landsida

  • Her er det kommunen som kaieigar og fylkeskommunen som må ta ansvaret, seier driftsleiar Terje Stub i Fjord1. — Når fylket inngår avtale med reiarlaget om å drifte desse rutene, tar dei også på seg ansvaret for at kaiene er tilpassa dei fartøya dei leiger inn. Dette har etter vårt syn ikkje vore gjort.

- Har det vore erstatningskrav etter uhell av denne typen?

  • Ikkje så langt.

I brevet til Sogn og Fjordane fylkeskommune ber Stub om dialog, slik at det blir framdrift i arbeidet med å sikre kaiene.

- Korleis må dette gjerast?

  • Vi ser føre oss at det blir laga ei utfresing eller utsparing i kaiene, slik at vi kan nytte lenger landgang. Då blir det ikkje så ekstremt bratt, seier Stub.

Han understrekar at problema ikkje gjeld alle ekspressbåtkaiene, og dreg fram flytekaia i Måløy og kaien på Vardetangen i Nord-Hordaland som eksempel der passasjerane kjem seg trygt om bord og i land.

Har du sett farlege landgangar? Skriv gjerne ein liten rapport i feltet under!

FARLEG: Mannskapet på ekspressbåt slår alarm om skumle landgangar.
PRIVAT