Politiet i Florø fekk melding om hendinga ved midnatt natt til langfredag.

Forbipasserande hadde oppdaga ein mann i midten av 20-åra som hadde ramla utfor Kolkaia.

Mannen blei hjelpt opp før ambulanse og politi var på plass.

— Han var ikkje særleg villeg til å samarbeide, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Den våte mannen blei kontrollert av lege, og deretter sendt til Førde sentralsjukehus med låg kroppstemperatur.

Politiet veit ikkje om mannen vart skubba, eller om han ramla i vatnet utan andre sin medverknad.