ARNE HOFSETH

Med nestendrukninga for nokre år sidan friskt i minne, er det likevel grunn til å åtvara mot sykling i Klevagjelet, særleg for dei minste. Her er litt lausgrus og ingen gjerde mot den frådande elva. Vegdekket i Myrdalssvingane er ujamnt, og mellom Mjølfjell Ungdomsherberge og Upsete er det meldt om hjulspor i vegen. Folk blir bedne om å parkera ved Haugastøl stasjon, og ikkje køyra bil innover Rallarvegen. Nord for Myrdalssvingane og vest for Mjølfjell UH er vegen open for vanleg biltrafikk. Rallarvegen er 123 kilometer lang, men Gravhalstunnelen deler han i to strekningar: Haugastøl-Myrdal-Flåm og Upsete-Voss.