Turane går frå Finse, eit stykke vest for stasjonen, og åtte kilometer oppover til det høgste punktet på tidlegare Bergensbanen, 1301 meter over havet. Herfrå er det lagt inn ein fottur opp til Fagernut vaktarbustad (1310 m.o.h.) ved Rallarvegen, der det blir servert vaflar. Med retur same vegen, tek turen mellom fire og fem timar. «Billettprisen» er sett til 350 kroner.

— Med ei stigning på nesten 80 meter på åtte kilometer, er det litt tungt å trø dresinen. Men så er det tilsvarande lettare nedover att, seier styraren ved Rallarmuseet, Magne Johan Rørvik, til Bergens Tidende.

Jernbaneverket har sett fartsgrensa til 20 kilometer i timen. Dresinane er nyoverhalte.

— Kva seier Ulvik herad?

— Vi har varsla dei, men ikkje høyrt noko. Vi held oss til jusprofessor Ståle Eskeland si tolking. Han meiner det er Jernbaneverket som har siste ordet. Og dei har gitt løyve, på ei lang rekke vilkår, seier Rørvik.

I Ulvik har det vore stor skepsis mot mykje av aktivitetane langs Rallarvegen. Ein er redd reinsdyra vert uroa. Nokre restriksjonar på syklinga er innført, men dresinsykling har knapt vore tema. Derimot er innstillinga negativ til planane om køyring med veterantog og oppattbygging av karakteristiske snøoverbygg. Heradet har ved fleire høve vist til at konsesjonen for Finsetunnelen føreset fri ferdsel for reinen over tunneltaket. Difor burde jernbanesporet, som no skal trafikkerast med dresin, vore fjerna.

Dresintrafikken skal gå føre seg på den austlegaste halvdelen av jernbanestrekninga som vart til overs då Kong Harald opna Finsetunnelen i mai 1993. Her er snøoverbygga fjerna, og lina egnar seg dårleg til vintertrafikk. Men om sommaren er utsynet betre enn før.

— NSB har i alle år opplyst at Taugevann var høgste punktet på Bergensbanen. Men når du kjem opp med dresin, ser du lett at dei har vore litt for omtrentlege. Høgste punktet ligg mellom Fagernutvatnet og Fagerbotn. Derifrå går det ørlite grann unna bortover til Taugevann, seier Magne Johan Rørvik.

TRØR PÅ: Magne Johan Rørvik og Bjørn Geber fra Rallarmuseet syklar på dresin på det gamle jernbanesporet mellom Finse og Fagernut. <p/>HELGE SUNDE (foto)