Medan syklistar pesar seg opp Skjervet på veg mot Voss, og ekstremistar susar nedover på lange, halsbrekkjande rullebrett, borar Hestvik seg opp gjennom fjellet.

I dag er han 900 meter inne i Tunsberget. Før jul vil han møta riggen som er på veg nedover, frå Vossesida, om slikt kan seiast når heile tunnelen ligg i Granvin. Dei hadde anleggsstart eit par månader tidlegare, og er komne 1300 meter nedover.

Halvvegsmerket er med andre ord passert på den 4042 meter lange Tunsbergtunnelen, og det vanka Kvit Dame på anleggsfolka.

Forserer arbeidet

Allereie før jul neste år blir det snorklipping, eit halvår før avtalt tid.

— Vi er såpass sikre på at fjellet er godt, at vi har våga å endra avtalen med Statens vegvesen. No risikerer vi dagmulkt om vi ikkje er ferdige i 2011, fortel Leiv Livik i entreprenørfirmaet Veidekke.

Dei har ansvaret for å levera komplett tunnel, med ventilasjon, lys i taket og gul stripe i asfalten. Til ein del arbeid leiger dei inn underentreprenørar. Til dømes skal Veidekke ikkje leggja øvste vegdekket sjølv.

Dagline

Også den tunnelfrie strekninga mellom Palmafossen og Mønshaugen blir ferdig til felles snorklipping neste år, meiner prosjektleiar Lars Magnar Røneid i Statens vegvesen.

Ved Mønshaugen er eit halvt dalføre i ferd med å bli fylt opp for å gje bein veg der det no er smal veg, krappe svingar, eller begge delar. Ein svær kulvert er under forskaling på Rene. Her skal sykkelvegen kryssa under den nye stamvegen, og avvika frå sin opphavlege trasé – der jernbanen til Hardanger gjekk før.

Vangstunnelen neste

Arbeidet med tunnel bak Vangen skal etter planen ta til i november neste år, og vera ferdig til jul i 2013. Men det blir tjuvstart i haust. Når Bergensbanen skal ha togfri helg i oktober, for å utføra arbeid på lina, nyttar Vegvesenet høvet til førebuande arbeid der E16 skal kryssa under jernbanen vest for Fleischer’s Hotell. Ein 110 meter lang kulvert skal på plass under jernbanespora på vestsida av Voss stasjon før boremaskinene går laus på sjølve fjellet.

Bompengar utsett

Ny tilbodsinnhenting etter klage, og usemje om plassering av bompengestasjonen ved grensa mellom Voss og Vaksdal, har ført til utsetjing av bompengeinnkrevinga, førebels til 16. august. Røneid trur det kan dryga enda lenger før bompengestasjonen er på plass.