No har Nordfjord tingrett dømd den 36 år gamle yrkessjåføren frå Vestfold til fengsel i 32 dagar.

I tillegg til å ha brote fartsgrensa, var den eksplosive lasta verken skikkeleg sikra eller merka. Sjåføren tok også ferje utan å følgje pålagde sikkerheitsprosedyrar.

— Ved så alvorlege forhold som dette vil det vere nødvendig med ein streng reaksjon, meiner retten.

Sivil politibil

Det var den 20. april i fjor at sjåføren blei stoppa av politiet. Mannen hadde køyrt frå Fosnavåg på Sunnmøre. Ved Nordfjordeid blei lastebilen observert av ein sivil politibil. Dei meinte han heldt for høg fart, og følgde etter.

Med speedometer målte politibilen farten over ein distanse på om lag 700 meter. Målinga viste at sjåføren heldt 90 i 60-sona. Etter å ha trekt frå 10 km/t i sikkerheitsmargin, meiner politiet at mannen i alle fall køyrde i 80.

Under rettssaka i Nordfjord tingrett vedgjekk vestfoldingen langt på veg å ha køyrt for fort. Han forklarte at han ikkje hadde sett fartsskilta, men at han ut frå køyreforholda trudde det måtte vere ei 80-sone.

Nordfjord tingrett har lagt inn høgare sikkerheitsmargin enn politiet fordi det blei føreteke speedometermåling. Retten har funne det bevist at 36-åringen i alle fall køyrde i 75 km/t.

Mangelfull skilting

Etter at politiet hadde stoppa austlendingen undersøkte dei bilen og fann ut at lasta bestod av 2425 kilo sprengstoff. Det førte til ein større gjennomgang. Køyretøyet var ikkje korrekt merka for farleg transport, mellom anna mangla bilen varselskilt både framme, bak og på sidene.

Under rettssaka forklarte sjåføren at han hadde snudd skilta ei stykke etter at han tok ferja frå Fosnavåg, men dette festa retten ikkje lit til. Ved å sjekke med ferjene 36-åringen må ha tatt, har det komme fram at dei ikkje har registrert bilar med sprengstoff i den aktuelle perioden. Retten konkluderer med at sjåføren medvite har brote reglane for å føre farleg gods med ferje.

Straffeskjerpande

— Ved å unnlate å informere ferjemannskapet, tok sjåføren samstundes frå ferjekapteinen alle sjansar til å ta nødvendige forholdsreglar i fall det skulle skje ei ulukke med ferja, konkluderer retten.

Seinare granskingar av Biltilsynet har også påvist at lasta ikkje var godt nok sikra, og at hovudstraumbrytaren var ute av funksjon.

I dommen frå retten blir det understreka ei rekkje straffeskjerpande moment. Likevel konkluderer retten med at aktors krav om 40 dagar fengsel er for strengt, og har sett straffa til 32 dagar. Dommen er samrøystes.