Fartssyndaren blei stogga då Utrykningspolitiet hadde fartskontroll i Bogstunnelen på E39 i Høyanger i ettermiddag.

— Ein mann i 20-åra er meldt for fartsoverskriding og førarkortet er beslaglagt, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Farten blei målt til 141 kilometer i 80-sona. Mannen nytta ikkje anna enn parkeringslys under køyringa, ifølgje politiet.

— Han køyrde ikkje med føreskrivne lys tent. Å ikkje gjere seg tydeleg synleg i trafikken gjer forholdet endå meir graverande, seier Vereide.

I tillegg skeriv UP ut to forenkla førelegg under kontrollen.