Utrykkingspolitiet hadde søndag kveld fartskontroll på E39 ved Førde i Sveio mellom klokka 21 og 23.30.

Ein bilførar mista førarkortet etter å ha køyrd i 96 kilometer i timen i 60-sona. I bilen hans fann politiet også noko narko-tika og eit større pengebeløp.

Han blei i går varetektsfengsla og skal i avhøyr i dag, i følgje operasjonssentralen ved Haugaland og Sunnhordland politi-distrikt.

Ein annan bilførar blei også førarkort-laus på same staden. Han køyrde i 90 kilometer i timen i den same 60-sona i Sveio.