Mannen er i Fjordane Tingrett dømd til 18 dagars fengsel, i tillegg til at han mister førarkortet i tretten månader. Han må også betala 2000 kroner i saksomkostnader.

Hevdar han er uskuldig

Det var laurdag 20. mai i fjor at 26-åringen og ein ven var på veg til Ålesund. Klokka 12:54 gjorde politiet ei lasermåling av bilen hans i Hornindal, som viste at han køyrde i 140 kilometer i timen i ei 80-sone. Politiet skal ikkje ha hatt problem med å sjå registreringsnummeret på bilen.

26-åringen innrømmer å ha køyrd på den gitte strekninga denne dagen, men ikkje på det tidspunktet som politiet oppgir. Han hevdar derfor at det må vera ein annan bil som er målt.

Ifølgje 26-åringen køyrde han frå Olden om morgonen, men måtte snu og køyra tilbake fordi han hadde gløymt noko. Han seier vidare at han drog av garde igjen om formiddagen.

Skulle hjelpa foreldra

Foreldra til 26-åringen forklarte seg i retten, og begge hevdar at sonen er uskuldig. Mora forklarte i retten at ho hadde spurd sonen sin om hjelp til å ordna med ved, og at ho hadde sett på klokka då ho snakka med han. Ifølgje henne var klokka 12:50.

Faren sa i retten at han var vitne til at kona snakka med sonen i telefonen, og at klokka då var ein stad mellom 12:48-12:50. Han sa at han hugsar dette veldig godt fordi han var sur for at sonen ikkje kunne hjelpa til med veden. Men retten ser ikkje på dette som ei hending som gjer at ein særleg legg merke til kva klokka er.

Det var altså trafikken på 26-åringen sin mobiltelefon som gjorde det endelege utslaget for retten. 26-åringen skal i tidsrommet mellom 12:27 og 12:53 ha vore i Olden, Rake og deretter Stryn. Dette gjer det svært sannsynleg at 26-åringen har vore ved Hornindal på det tidspunktet då målinga blei gjort, ifølgje retten.

Retten finn det derfor bevist at det var 26-åringen som råkøyrde, og at han handla forsettleg.