OVE ARNE OLDERKJÆR

— Eg vedgår at eg hadde litt mykje krut i butikken i fjor. Men ei grense på ti kilo netto er veldig lite. Det er ikkje råd å selja slikt i fingerbjør, seier Jan Koløy til Bergens Tidende.

Den tidlegare leiaren i Hordaland Framstegsparti fekk påpakning frå branntilsynet i Kvinnherad etter ein kontroll i butikken på Sæbøvik på Halsnøy i romjula i fjor.

ýFleire graverande avvik frå regelverketý, noterte brannvernet. Koløy hadde dobbelt så mykje fyrverkeri inne i butikken som tillate, i same lokale som det blant anna også var sprayboksar. Rett utanfor butikkdøra er det dessutan bensinpumper.

I romjula flyttar Jan Koløy forretninga sin til nye lokale på Sæbøvik. Der lovar han å selja fyrverkeri i trygge og reglementære former. Og den pyrotekniske varene skal minst vera 25 meter unna bensinpumpene ved nyebutikken.

Jan Koløy har gjennomgått det påkravde kurset i behandling av fyrverkeri, og er sjølv glad i rakettoppskyting på nyårsaftan.