• MANGE MINNE: Måleriet av Aung San Suu Kyi (øvst) fekk mangeårig styreleiar i Raftostiftelsen, Jan Ramstad, av den nå avdøde ektemannen hennar, Michael Aris. I 1990 var Ramstad vert for sønene hennar, Alexander og Kim, då dei tok imot Raftoprisen på moras vegne i Bergen. Kopien av Nobel-nominasjonen frå Václav Havel er blant sakene Ramstad har teke vare på – saman med ei champagneflaske som han fekk av Suu Kyis eldste son Alexander i 1990. - Avtalen var at flaska ikkje skulle opnast før Suu Kyi var fri og kom til Bergen. Det er sikkert rein eddik, etter alle desse åra. Men vi er mange frivillige som skal vere med og drikke av henne søndag, seier Ramstad. FOTO: SVEIN KLØVIG

Rafto-aktivistar sikra Suu Kyi Nobelprisen

Ein ung NHH-student sendt som kurer til Praha. Ein signert brev frå Václav Havel. Ei dokumentoverlevering i Kong Olavs gravferd. Raftostiftelsen ville at Aung San Suu Kyi skulle ha Nobels fredspris – og lykkast.