Måndag 12. mai sette Voss Raftingklubb sitt damelag kursen for Austerrike og alpelandsbyen Wildalpen. Det var duka for EM i Rafting med heile 22 damelag og 36 herrelag på startlista.

Ettersom heile laget ikkje hadde vore samle til trening før me kom ned til EM bygda, var med nokså ivrige etter å koma i gang. Og allereie måndag kveld fekk me den fyrste treningsøkta på EM-elva, Die Elbe Salza, i flombelysning. Tysdag, onsdag og torsdag gjekk med til trening i dei ulike greinene utfor, slalom, sprint og Head to Head.

Fredag 16. mai starta konkurransen med sprint, den eksplosive og hurtige greina. Me kom i mål på tida 1. 17.34 og greidde med det å sikra oss 3. plassen!

For ein fantastisk start på EM! Slovakia tok gullet med tida 1.15.57, medan nederlendarane tok sølv med tida 1.16.73. På fjerde plass kom Russland, knappe hundredelen bak oss. Endeleg var marginane på vår side!

Med bronsen på innerlomma var det duka for Head to Head fredag kveld. Ut i frå sprinten, skulle me møte laget som kom på 11. Plass – Tsjekkia.

Tsjekkia er ranka som nr 3 i Europa, og har trena saman i snart 10 år. Korleis dei enda på 11. plass i sprinten, er eit mysterium, men då cupen starta var det eit revansjesugent lag som møtte oss. Dei tok oss i starten, og kom i mål med ledande knappe 2 meter. Me vart dermed utslagne i fyrste heat, og enda på ein 10.plass. Tsjekkarane kom seg heilt til bronsefinalen, og enda på ein 4.plass bak Nederland (1), Slovakia (2) og Tyskland (3).

Laurdag 17. mai, med norske flagg og sløyfer på vesten , stod slalomen for tur. Den mest tekniske disiplinen, kor samarbeid og padleteknisk innsikt er avgjerande for gode resultat. Favorittar i denne greina er utvilsamt Slovakia og Tsjekkia.

2 rundar på kvar nasjon, kor av beste runde tel. 12 portar skulle forserast på kjappast mogleg tid, i tillegg til reine liner, dvs inga såkalla ”touch”. Ettersom me kun hadde ein dag med slalomtrening bak oss, hadde me ikkje særleg trua på å kome blant dei 5 beste. Topp 10 var eit realistisk mål..

Etter fyrste runde låg med som nr 8, og var tåleleg nøgde med det. 2. runde sette me alle klutar til, og padla oss inn til ein imponerande 5. plass, med 3. beste tida totalt! 3 touch à 5 sekunds tillegg, og ein bom à 50 sekunds tillegg. Kun eitt damelag klarte å nå alle portane, Slovakia. Hadde me klart oss med ein touch, hadde me sikra oss bronse..så nære, så nære. Det vart ikkje nasjonalsongen på podiet til tross for at det var 17. Mai, men me var utrulig glade for 5. plassen, og stolte over samarbeidet i båten.

Siste konkurransedag og Down River/ utfor sundag 18. mai. Ut i frå plasseringane so langt, var me ranka som nr 7 samanlagt. Me starta difor i fyrste av to heat à 10 båtar på Utforen sundag morgon. Etter gode tips frå dei engelske gutane på startteknikk (etter tapet mot Tsjekkia under H2H), kom me godt i gang under fellesstarten.

Me låg tidleg som nr 5 i sprintstrekket, men då me skulle ut av siste bølga, dytta russarane oss på ein stein.. Her vart me sittande fast i nokre sekund, som gjorde at me enda sist ut av alle båtane då det gjenstod 13 km. Me padla det me kunne og tok igjen 3 båtar i løpet av strekka, men måtte nøye oss med ein 7. plass.

Litt frustrerande, då utfor i utgangspunktet var vår sterkaste grein. Men, i rafting kan alt skje, og det er ein del av gamet. Prestasjonen i seg sjølv var me veldig godt nøgde me, og neste gong kan ingen stein stoppa oss frå pallen!

Totalt enda me på ein 7. plass over all. Før me reiste til Austerrike, sette me som mål å koma blant dei 10 beste, men ettersom me kom i gang me treninga på EM-elva oppgraderte me målet: Topp 10 og ein medalje! ME KLARTE DET!

Og no veit me kor i sjiktet me ligg. Voss Raftingklubb er eit sterkt lag med stort potensialet. Fram mot Ekstremsportveko 2008 og VM i Bosnia 2009 er planane klare; Me skal bli endå sterkare og kjappare, endå meir samkøyrde og trena konstruktivt og fokusert i året som kjem!

Birger Rokne
Birger Rokne
Birger Rokne
Birger Rokne
Ferdinand Wæhle Finnes
Ferdinand Wæhle Finnes
Raftingjentene under Ekstremsportveko i 2006.
Arnstein Karlsen