ARNE HOFSETH (tekst og foto)

Ein bil med fleire av jentene inni og båten på slep vart pressa i grøfta då det vart slutt på autovernet ved avkøyrsla frå E16 til idrettsplassen på Bulken — berre eit par hundre meter frå rasteplassen der dei skulle setja båten på vatnet.

Rafting-bilen køyrde fremst av tre bilar, pent og pynteleg på rekke, vestover på E16. Rett etter venstresvingen la den bakarste bilen, ein dyretransport utan dyr, seg ut til venstre for å køyra forbi. Utan å registera dette, la bil nr. 2 i rekkja seg ut for å køyra forbi den fremste. I staden for tre bilar etter kvarandre, vart det dermed tre bilar side om side, og vegbreidden vart i minste laget.

Dyretransportbilen støytte borti autovernet på venstre side og vart dytta inn att på vegen. Dermed støytte bilane saman. Dyretransporten heldt seg på vegen, bilen i midten snurra meir enn halvvegs rundt og vart ståande på tvers av vegen, medan raftarane fekk kurs for periferien så snart det var slutt på autovernet på høgre sida.

Utruleg nok kom ingen av dei sju involverte personane til skade. Fartsgrensa på staden er 80 km/t.