Saman med mannen Vidar Sandøy og vesle Karoline på halvanna år vil ho bygge nytt hus og busetje seg på oldefarens gard. Den vart fråflytta seint på 1970-talet.

Men familiens planar om å flytte frå Førde sentrum til Guddal i nabokommunen Fjaler blir no stoppa av Telenor.

Vil ikkje betale så mykje

Teleselskapet viser til avtalen om leveringspliktige tenester som dei inngjekk med staten i fjor haust, og krev 177.000 kroner for å føre teleline fram til Noven. Det finst ikkje mobildekning.

— Det kjem ikkje på tale å betale så mykje. Vi har aldri høyrt om noko liknande, seier Vibeke Mandelid til avisa Firda.

Flytteplanane har eksistert lenge, og vart aktualisert på grunn av det nye vegsambandet som kjem mellom Guddal og Gaular. I tillegg høyrde dei om andre unge som flytta og etablerte seg i Guddal, der dei også har familie og vener.

Dei næraste nabogardane har telefon, men det er 900 meter i luftlinje dit. Vibeke har allereie fått seg jobb i distriktet, Vidare er sjølvstendig tømrar og vesle Karoline har fått tilbod om barnehageplass. Med andre ord: Alt låg til rette for å rive oldefarens gamle hus på Noven, bygge nytt og flytte dit.

Heilt til Telenor kom inn i bildet.

Leveringsplikta

— Vi er avhengige av telefonen når vi bur såpass langt frå andre. Den representerer tryggleik, spesielt når vi har barn, seier Vibeke.

Telenor meiner på si side at dei har alt på det tørre, ut frå den seks månader gamle avtalen dei har med samferdsledepartementet.

I avtalens punkt fire blir leveringsplikta innanfor «normalt leveringsområde» slått fast.

«Med normalt leveringsområde menes sted med helårlig næringsvirksomhet og fast helårlig bosetting knyttet til dette (...) Gårdsbruk som drives året rundt som hovednæring (...) annen næring som er knyttet til stedet og drives året rundt som hovednæring, regnes til det normale leveringsområdet.»

Kan bli billegare

Ettersom familien ikkje har planar om å drive slektsgarden, fell dei etter Telenors tolking utanfor normalt dekningsområde, og kan krevje at kunden betaler det tilknytinga kostar.

— Vi har prøvd å ta opp saka med Telenor, men kjem ingen veg, seier Vibeke Mandelid, som ikkje vil flytte utan å få med telefonen.

Ei telefonlinje fram til garden vil bli på 1300 meter, og mellom anna krevje 25 stolpar.

Overfor Bergens Tidende seier informasjonssjef Lars Hauge i Telenor at det kan finnast rimelegare løysingar enn dette, blant anna eit såkalla radiolinjesamband.

— Vi vil no prøve å få ein dialog med denne familien, så får vi sjå kva som er mogeleg å få til, seier Hauge.

Familien har høve til å påklage Telenors avgjerd til Post- og Teletilsynet.