— Rapporten om NRKs distriktsstruktur har mange positive trekk. Men framlegget er for drastisk i forhold til omorganisering, meiner Lunde.

Ho viser til at to av distriktskontora som blir føreslått avvikla som sjølvstendige einingar, Sogn og Fjordane og Finnmark, er mellom kontora som har størst oppslutnad om sendingane.

— Dette er område som framstår som bastionar for NRKs drift. Eg trur NRK har svært mykje å tape på å byggje ned folks identitet og tilknyting til dei lokale distriktskontora, seier rådsleiaren.

I morgon skal Kringkastingsrådet drøfte planen om å slå saman distriktskontor. Sjølv om rådet ikkje har noko vedtaksfunksjon, reknar Kjellbjørg Lunde med at signala frå rådet blir lagt merke til før styrehandsaminga måndag i neste veke.

— Eg reknar med at det blir ein livleg debatt. Det er nok mange i rådet som har sterke meiningar om framlegget frå kringkastingssjefen, seier Lunde.