• Vi set stor pris på at Jernbaneverket tek oss med på råd. Det aukar sjansen for smidige løysingar, seier ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik på Voss, og får tilslutnad frå Mona Hellesnes i Ulvik og Eirik Haga i Vaksdal.

— Er det ikkje berre å avvisa Jernbanetilsynet sine krav som feil prioritering, når jernbanen manglar pengar på alle felt?

— Eg tvilar på om det er beste måten. No får vi drøfta mange sider ved kollektivtrafikken, seier Lunde Aarvik.

Ikkje tema

Avtroppande fylkestrafikksjef Magnus Vestrheim i Hordaland tok initiativet til samlinga på Voss for å drøfta Jernbanetilsynet sine krav.

Nedlegging av haldeplassar var slett ikkje tema då fylkeskommunen for få år sidan slo eit slag for opprusting av Vossebanen og lokalstrekninga vidare til Myrdal.

På agendaen kom også utforming av stasjonar, korrespondanse med bussar, plass for drosjer, parkeringsplassar for bilar, og andre tiltak som kan gjera togtrafikken smidigare.

Mona Hellesnes kunne konstatera at Finse og Hallingskeid får greie løy-singar, og er oppteken av bussamband til Voss stasjon for resten av Ulvik.

I Vaksdal kommune er nye plattformer under planlegging på Vaksdal og Stanghelle, medan kommunesenteret Dale har fått dispensasjon til 2015. Ordførar Eirik Haga ser gjerne at Dale får heilt ny stasjon, nærare sentrum.

Dagtoget

— Blir det slutt på bråket om stopp for dagtoget på Uppsete?

— For stasjonane Uppsete og Myrdal er eg innstilt på samråd med Aurland kommune og Sogn og Fjordane fylke, tilsvarande det Hordaland inviterte til, seier Lars Chr. Stendal i Jernbaneverket.