Miss Teen, ein modellkonkurranse for tenåringsjenter, vart halden på Vestkanten kjøpesenter laurdag kveld. Blant dei ti jentene i finalen var òg Maria Husebye (16) frå Bønes og Julie Winther (17) frå Bønes. Jentene viste motar til både kvardag og fest. Dei måtte og svara på ulike spørsmål.

Premien Ida Camilla Mellingen fekk med seg heim til Radøy var ei modellkontrakt med Modellhuset.

I tillegg fekk ho klede, sko, sminke og årskort i solarium. I november skal ho vera Noreg sin representant i den internasjonale Miss Teen-finalen.