Desse pengane kjem i tillegg til to millionar i forskottering som fylkestinget godkjende i juni 2002. Grunnen til at det trengst meir pengar, er at standarden på vegen Lundsåsen-Bøvågen er svært dårleg.

Vegen kan ikkje trafikkerast av vogntog, jamvel om han er hovudvegsamband for havbruksnæringa og anna næringsverksemd i denne delen av Radøy.

Av den samla finansieringa på 9,5 millionar kroner vert då 4,5 millionar forskottering frå Radøy kommune, 1 million er tilskot frå Radøy kommune, 2 millionar kjem frå det regionale kompensasjonsfondet og 2 millionar kroner frå fylkeskommunen.

Fylkeskommunen si løyving er sett av på fylkesvegbudsjettet for i år.