I juni 2002 godkjende fylkestinget at Radøy fekk forskottera to millioner kroner til denne vegopprustinga, i tillegg til å yta ein million kroner i tilskot. Fylkestinget har vedteke at Radøy kommune får forskottera ytterlegare 2,5 millioner kroner i samband med at utbetringa vert meir omfattande.

Standarden på vegen Lundsåsen-Bøvågen er så dårleg at den ikkje kan trafikkerast av vogntog. Vegen er hovudvegsamband for havbruksnæringa og anna næringsverksemd i denne delen av Radøy.

Då fylkestinget godkjende forskotteringa i 2002 var den totale kostnadsramma fem millionar kroner. No er det kome ny søknad frå Radøy kommune med utvida kostnadsramme på 9,5 millionar kroner. Difor søkjer kommunen om utvida forskottering. Dei auka kostnadene på 4,5 millionar kroner skal i tillegg til den kommunale forskotteringa dekkast med ein million kroner frå det regionale kompensasjonsfondet i Nordhordland og 1 mill. kr frå fylkeskommunen.

Av den samla finansieringa på 9,5 millionar kroner vert då 4,5 millionar kroner forskottering frå Radøy kommune, ein million kroner tilskot frå Radøy kommune, to millionar kroner frå det regionale kompensasjonsfondet og to millioner kroner frå fylkeskommunen.

Fylkeskommunen si løyving er sett av på fylkesvegbudsjettet for i år.

Tidspunktet for når fylkeskommunen skal betala ut refusjon til Radøy kommune vil verta fastsett i samband med revisjonen av fylkesvegplanen for 2006-2015.