JAN H. LANDRO

Juryen, som har vore fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, fylkeskultursjef Ingebjørg E. Astrup og styreleiar Magne Rommetveit i KS-Hordaland, legg i si grunngjeving vekt på at Radøy kommune kan syna til stor breidd og gode resultat i kulturengasjementet sitt og at den har som mål å ta vare på sin kulturelle bakgrunn og vidareutvikla kulturarbeidet.

«Gjennom kystsogeveker, kulturdagar og små og store tilskipingar vert kulturen levandegjort. Det er lagt ned mykje frivillig arbeid frå eit allsidig organisasjonsliv. I ei tid med stramt kommunebudsjett har kommunen likevel makta å setja av midlar til både kulturfond og kulturminnefond. Kommunen har også gjort eit utradisjonelt val av tusenårsprosjekt; ein barneheim i Moldova», peikar juryen på i grunngjevinga.

Kveik og forplikting

Ordførar Olav Steinar Namtvedt og kulturkonsulent Rune Rydland er stolte og ser med optimisme fram til kåringa av Norges kulturkommune. At fylket gjev denne honnøren til ein kystkulturkommune som Radøy, meiner dei bør inspirera den nasjonale juryen til å sjå i same retninga.

Namtvedt ser denne påskjøninga som kveik og forplikting.

— Dette betyr veldig mykje, både for kommunen og dei som arbeider med kultur og gjer ein kjempejobb. For alle eldsjelene er dette òg viktig, dei ser at innsatsen deira vert påvørt. Kommunen arbeider innafor svært trange økonomiske rammer, men dette viser at det nyttar å gjera noko.

Prisen gir oss ei plikt til å halda fram, kanskje også intensivera arbeidet for å utvikla eit godt lokalt tilbod til alle, seier ordføraren.