Dette kom fram etter at Sunnmøre rådmannslag i dag la fram rekneskapane sine tilbake til 1999. Laget, der medlemene er dei øvste administrative ansvarlege i kommunar i Nordfjord og Sunnmøre, har lenge nekta å leggje fram rekneskapen. Sterkt press førte til at dei snudde.

Pengane har gått til studieturar til Stockholm, Berlin, Helsingfors, Dublin, Amsterdam, Brussel, Reykjavik og Wien. I tillegg har midlane vore brukt på årlege haustkonferansar, i hovudsak på Hotel Alexandra i Loen.

Selskapa som har sponsa er Kommunekreditt, Kommunal Landspensjonskasse, Kommunalbanken, Carnegie Kapitalforvaltning, Storebrand, Gjensidige, Vital, Vesta, Aon Grieg, Grieg Investor, Terra, Skandia fondsforvaltning, KPMG, Postbanken, IBM og Postbanken. Kommunekreditt har åleine sponsa rådmennene med nesten 300.000.

Ekspert på etikk, Eilert Jan Lohne, karakteriserer overfor NRK sponsinga som uetisk. Han meiner det som no kjem fram svekkjer tilliten til toppleiinga i kommunane.