Etter det Bergens Tidende får opplyst, fekk rådmannen støtte frå 10 av dei 17 medlemene i kommunestyret.

Lukka ekstramøte

Det var seks av mindretalet, med varaordførar Knut Johan Medhus i brodden, som hadde kravt lukka ekstramøte med Eidfjord Utvikling AS som einaste sak. Dei var usamde i eit formannskapsvedtak (fire mot ei røyst) om å kreva ekstraordinær generalforsamling med utskifting av styre og dagleg leiar i det heileigde selskapet som kommunen skipa for å driva næringsutvikling i Eidfjord.

Dagleg leiar, John Tonheim, har uttala at han finn det nyttelaust å samarbeida med rådmannen, og styret for selskapet har stilt seg bak han.

— Anten må rådmannen i Eidfjord vekk, eller så trekkjer heile styret og dagleg leiar i Eidfjord Utvikling AS seg, sa styreleiar Bjørn Myklatun, seinast på eit folkemøte om saka måndag kveld.

Fåmælt

Rett etter det dramatiske møtet for lukka dører i går, gjekk ordføraren og dei tilsette på kommunehuset i eit personalmøte, og gjorde seg utilgjengelege for kommentar. Alle bortsett frå rådmannen.

— Eg vil seia minst mogeleg om denne saka. Det Eidfjord no treng, er fred, seier Sandvik til Bergens Tidende.

— Kva er dei konkrete ankepunkta mot deg?

— Det vert vist til sviktande samarbeid, utan at dei har vore i stand til å konkretisera det. Eg ser på det som rein personforfyljing.

Styret for Eidfjord Utvikling AS vil ta konsekvensen av sitt ultimatum, og reknar med å få sparken. Det stadfester styreformann Bjørn Myklatun overfor Bergens Tidende.