Solsvik meddelte dette til kommunestyret i går kveld. Solsvik har vore rådmann i Øygarden i 23 år sidan 1983.

Ingolf Solsvik seier til Kystradioen at det har vore tøffe tak og at han nå kjenner seg trøtt og sliten.

Han har sagt seg villig til å vera i stillinga litt utover nyåret dersom den nye rådmannen ennå ikkje er komen på plass. Solsvik fyller 62 år i desember.