Før jul fortalde BT historia om Hans Gunnar Våge, som dei siste ti åra hadde freista å få kjøpe ei nabotomt av kommunen og fått nei.

I fjor selde så kommunen tomta til ein annan nabo, Mai Villanger, mor til varaordførar Espen Villanger.

Våge antyda i brev til kommunen at Villanger hadde fått kjøpe tomta på grunn av sonen sin posisjon i kommunen.

Då saka vart kjend vedtok Komite for plan og utvikling i Fjell samrøystes å sende saka over til ein jurist, som skulle sjå gjennom alle dokument i saka.

Det har enno ikkje skjedd. Men rådmann Steinar Nesse har sjølv gått gjennom saka, eit svar han presenterte for komiteen tysdag 20. desember. Han meiner korkje Villanger eller kommunen har gjort noko gale.

— Eg har ikkje funne noko teikn på at nokon har lagt vekt på at det var varaordføraren si mor, og eg føler heller ikkje at kommunen sin handlemåte har lagt noko grunnlag for ein mistanke om noko slikt. Saka hadde ikkje vore annleis for Våge om det hadde vore ein Olsen eller Hansen som kjøpte tomta, seier Nesse.

Det einaste Nesse meiner ein kan stille spørsmål ved er om tomta skulle vore seld i det heile, noko han skal gje Komite for finans og forvaltning svar på når dei har sitt neste møte.

Nesse seier han òg vil sende spørsmålet om Våge hadde rett på å kjøpe tilbake tomta etter veglova, over til ein jurist.

Mannen fremja saka i komite for plan og utvikling. Daniel Sandvik (Frp) er ikkje fornøgd med rådmannens svar.

— Det rådmannen presenterte for komiteen tysdag var ein rein forsvarstale. Han freistar no etter mitt syn å roe det heile ned, og bagatelliserer det. Han har også sett fullstendig bort frå vedtaket vi gjorde på førre møtet, seier Sandvik.

Han reagerer òg på at komiteleiaren la ned forbod mot debatt etter innlegget, og at både ordføraren og varaordførar Villanger var i rommet under behandlinga av saka.

Ifølgje Nesse skuldast det siste at kommuneplanens arealdel skulle handsamast på det same møtet.

Sandvik seier han no vil ta saka, og rådmannens handtering, opp i kommunestyret i Fjell.