• Granvin og Ulvik vil spara fleire millionar kroner i året ved å satsa på mest mogleg felles administrasjon.
  • Opptil 100 kommunale oppgåver i Kvinnherad og sju Hardanger-kommunar er om få år modne for samordning.
  • Lønsutbetaling, innkrevjing av skatt, avgifter og rekneskap kan styrast frå ein stad — ikkje åtte som no.

Eksperimentet i indre Hardanger er politisk styrt og planlagt og dermed eineståande i sitt slag. I to år skal prøveordninga vara. Den eine dagen er han i Ulvik, og den andre i Granvin.

Ordførarane i dei to kommunane er overtydde om at felles rådmann vil bana veg for mange felles funksjonar i åra frametter. Det er kort sagt gode skattekroner å spara for dei to småkommunane inst i fjorden.

Store ambisjonar

— Eg var villig til å vera med på denne ordninga, for eg gjekk ut frå at ambisjonane strekte seg lenger enn berre å spara pengar ved å ha meg på deling eit par år, seier Søgaard (34) til BT.

Ordførarane Olav Seim (Granvin) og Jon Olav Heggseth (Ulvik) nikkar og skriv under på kvart ord. Samarbeidsviljen er sterk og ekte, forsikrar dei.

Granvin er den svakaste av dei to kommunane, og Seim seier ope at gravensarane står med ryggen mot veggen. Skal folket i Granvin vera sikra gode kommunale tenester i framtida, er samarbeid med andre einaste utvegen.

Var godt i gang

Kan dei ha rådmann saman, kan dei etter kvart samordna store delar av kommuneadministrasjonen. Som gode grannar var dei elles godt i gang lenge før Ulvik i haust bad om å få kloa i Granvin-rådmannen.

Lars Sponheim var i si tid jordbrukssjef i begge kommunane. Brannsjefen og skogbrukskonsulenten er felles, og m.a. i skulesektoren har rektorane eit nært pedagogisk samar-beid. Det same gjeld på fleire av dei tekniske områda.

Søgaard har alt gjort eit grundig arbeid med å peika på mange felt som ligg til rette for fel-les funksjonar. Han ser i første omgang for seg felles økonomiforvaltning. Felles flyktningkonsulent er truleg det neste.

Også Eidfjord deltek

— Kommunenes Sentralforbund, KS, har gitt støtte til samarbeidsopplegget. Det å ha ein felles toppleiar burde gjera det lettare å få til eit samarbeid ned-over i rekkjene, meiner han. Ordførarane legg til at samarbeidet med Eidfjord om ulike tenester ikkje må gløymast.

Som rådmann i Granvin var Steinar Søgaard rask med å forenkla det administrative systemet. Etter kort tid frigjorde han 1,2 mill. kroner i administrasjonen. Av eit totalbudsjett på 40 mill. kroner er det gode pengar å ta med seg til andre føremål.

Murring i Ulvik

Politikarane i Granvin var fulle av velvilje då ordføraren i Ulvik tok kontakt for å høyra om rådmannen deira kunne arbeida for begge kommunane. Også dei kommunetilsette var positive.

I Ulvik, derimot, var det meir murring. Både Venstre og SV gjekk imot i kommunestyret, og dei tilsette reagerte sameleis. Dei meinte at Ulvik var stor og sterk nok til å halda seg med eigen rådmann sjølv. Men etter at slaget var tapt, fekk nykomlingen i heradshuset full støtte. Det hjelper og at otten for oppseiingar er fjerna. Det er slett ikkje tema, forsikrar ordførarane.

— Vi har ikkje så god økonomi i Ulvik lenger at vi kan seia nei til gode sparetiltak. Kraftinntektene har gått ned, og det har sett sine spor, seier Heggseth som har permisjon som lensmann i Ulvik og Granvin.

- Godt å ha øvd oss

— Legg de no grunnlaget for kommunesamanslåing? Både rådmann og ordførarar ristar på hovudet, der dei sit på rådmannskontoret i Ulvik saman med BT-medarbeidarane. Men det er ingen sterk protest. Seim og Heggseth meiner at eventuell samanslåing må koma på «naturleg måte». Overgangen frå ein bråte felles kommunale ord-ningar til ein felles kommune vil ikkje vera stor når den tida kjem.

— Dersom det vert aktuelt å slå oss saman, kan det vera godt å ha øvd oss på førehand! seier Seim med eit smil.

SAMKØYRING: Som einaste rådmann i landet er Steinar Søgaard sjef i to kommunar. Granvin og Ulvik ser ut til å trivast med dobbeltmennesket. FOTO: RUNE SÆVIG