Det er ikkje berre Ulvik som brått mistar rådmannen sin grunna usemje med politikarane. Avisa Grannar fortel at ordførar Amund Enge (H) og Etne formannskap i to veker har drøfta ein sluttavtale for Marit Elise Mølstre, som i ni år har hatt den administrative toppjobben i kommunen.

Ingen av partane vil overfor lokalavisa utdjupa kva usemja grunnar i, heller ikkje vil dei røpa kva sluttavtalen dreier seg om i kroner og øre. Usemje om den vidare kursen for Etne kommune, er den offisielle grunngjevinga.

Mølstre får etterløn — truleg i halvtanna år - som vilkår for å slutta på dagen, ifølgje Grannar. I mellomtida er assisterande rådmann Elling Hetland konstituert i toppstillinga.

Marit Elise Mølstre kom til Etne som helse- og sosialsjef i 1992, og etterfølgte Arild Karlsen som rådmann tre år seinare. Mølstre bur i Haugesund, og har søkt fleire jobbar i byen i det siste.