Helse Førde hadde bedt fylkestinget om råd, men fekk det aldri. Men ved at dei ikkje gjev noko råd, har politikarane i praksis gitt styret i Helse Førde fullmakt til å gjere som dei vil.

I alt blei det sett fram fire framlegg. Ingen av framlegga fekk fleirtal. Og ingen av partia er villige til å røyste subsidiært.

Flest røyster fekk eit framlegg frå Høgre, KrF, Frp og Venstre som ville oppretthalde dagens struktur med sentralsjukehus i Førde og lokalsjukehus i Eid og Lærdal. I alt 15 stemde for dette framlegget som i praksis er å be regjeringa om 150 millionar kroner ekstra til sjukehusdrifta.

Åtte av dei 11 representantane til Ap stemde for eit framlegg som i praksis støttar Helse Førdes modell med sentralsjukehus i Førde og omgjeringa av sjukehusa i Eid og Lærdal til lokalmedisinske sentra. Ap hadde stilt gruppa fritt, og tre røysta mot.

Dei 11 folkevalde i Senterpartiet og dei to i SV stemde for eigne framlegg som låg mellom forslaga frå Ap og dei borgarlege opposisjonspartia.