RAGNHILD HOV ragnhild.hov@bergens-tidende.noSlik vil det gå om gruppa som har hatt som oppgåve å lage forslag til likestillingspolitikk for Hordaland fylkeskommune får viljen sin. Offensive forslag Administrasjonsutvalet sende bod på kvinneaktivisten, SV-aren og sekretæren i Fellesorganisasjonen, Oddny Miljeteig, då det vart vedteke at fylkeskommunen skulle meisla ut ein eigen arbeidsgjevarpolitikk for likestilling. Miljeteig let ikkje høvet gå frå seg.Radikal kjønnskvotering i leiarstillingar, ein offensiv likelønspolitikk og fleire forsøk med seks timars dag er nokre av dei mest offensive forslaga Miljeteig og dei tre andre medlemmene i utvalet har foreslått.— Dei sa rett ut at dei ville vi skulle laga forslag til ein "sprek" og moderne likestillingspolitikk. Det trur eg dei har fått. Og eg vil understreka at alle forslaga er samrøystes. Kvinnedominert Miljeteig meiner sjølv at det viktigaste i planen er at han legg opp til ein omfattande og samla likestillingspolitikk frå topp til botnen i verksemda.Fylkeskommunen er Hordalands største arbeidsplass med 13.000 tilsette. Over 9000 av desse er kvinner. Men som i store verksemder flest, dominerer mennene i toppen. Til dømes er det ingen kvinner i toppstillingane i administrasjonen i Fylkeshuset. På Haukeland sykehus er det likeeins. Både direktør og visedirektør er menn. Og mellom dei seks divisjonsleiarane er det berre ei kvinne - Er du redd for at planen skal verta lagt ned i ein skuff og gløymt? - Nei, eg veit at administrasjonsutvalet sette ned utvalet fordi fylkespolitikarar og administrasjon ønskte å prioritera likestillingspolitikk. Det må tyda at ein på lang sikt ønskjer fleire kvinnelege leiarar og ein likelønspolitikk som organisasjonen kan vera kjent for. Det trur vi dei får om politikarane no vedtek planen. Planen skal leggjast fram for administrasjonsutvalet i februar.