— Det er heilt fantastisk å sjå både barn og vaksne som er her for å beundre utstillinga vår, seier Rachel Peterson frå Minneapolis i USA.

Ideen til utstillinga fekk Peterson for mange år sidan, då ho tilfeldigvis såg nokre bilete av Pepperkakebyen i Bergen.

— Den var så vakker. Eg blei veldig fascinert av dei fantastiske byggverka. I år bestemte eg meg for å føre tradisjonen vidare her i Minnesota.

PEPARKAKESJEF: Rachel Peterson frå Minnesota har opna ein eigen Pepperkakeby i Minneapolis i Minnesota.
Privat

Gingerbread WonderlandI haust etablerte Peterson den frivillige organisasjonen Norway House i delstaten Minnesota. Målet med organisasjonen er å skape tettare band mellom USA og Norge.

Peterson seier dei håpar etablere ulike norske tradisjonar i USA. Ein av dei er utstillinga Gingerbread Wonderland, som sjølvsagt er inspirert av Pepperkakebyen i Bergen.

Les også:

Ho var usikker på kor mange som kom til å levere bidrag til pepperkakebyen, men seier dei har fått inn over 100 bidrag frå folk i alderen to til 90 år. I tillegg har fleire profesjonelle bakarar vore med på prosjektet.Utstillinga er inneheld fleire ikoniske bygningar som til dømes Foshay Tower, the Minnesota State Capitol og Stone Arch Bridge.

Kjemperespons

Peterson har sjølv budd i Tromsø medan ho var student, men ho har aldri sett utstillinga i Bergen med eigne auge.

CAPITOL BUILDING: Utstillinga inneheld fleire ikoniske bygningar i Minnesota.
AHFAR Photography

— Eg forstod at dette var noko som er stort i Noreg, men det har vist seg at folk er veldig interessert i pepperkakehus her i USA også. Responsen har vore fantastisk.Den amerikanske peparkake-sjefen håpar på fleire bidrag til byen, men ho vil ikkje prøve å ta opp konkurransen om å bli størst i verda nett enno.

— Vi er jo ikkje i nærleiken av så store som i Bergen, men vi har noko å streve etter, seier Peterson.

- Veldig gøy

Sjef for Pepperkakebyen i Bergen, Steinar Kristoffersen, seier han har fått høyre om fleire peparkakebyar rundt om kring i verda som er inspirert av byen i Bergen.

— I USA er det opna pepperkakebyar fleire plassar. Dessutan har eg fått telefonar frå både Danmark og Dubai der dei har starta liknande konsept, fortel han.

Les også:

Kristoffersen seier han tykkjer det er kjekt å sjå at andre land kastar seg på den norske tradisjonen.

— Det er veldig gøy å høyre at dei likar det vi gjer her i Bergen. Alle kan jo prøve å kopiere oss, men det er alltid Bergen som vil vere alle peparkakebyar si mor.

VERDAS STØRSTE? Kva jul sidan 1991 har barnehagar, skular, familiar og bedrifter og organisasjonar laga hus og bygningar til Pepperkakebyen i Bergen.
Bergens Tidende