Først fekk politiet melding om ein mogeleg promillekøyrar som hadde køyrd av vegen ved hotellet.

Så hamna mannen i slåsskamp, før han gjorde hærverk på ei rekkje bilar som stod parkert ved hotellet.

Mannen blei teken av politipatruljen i Ullensvang, som frakta han inn til Odda for utvida blodprøvetaking.