Med knust panne og hjerneskalle, knekt nakke og slagsår på store delar av kroppen blei Asbjørn Hvidevold etterlaten i ein blodpøl åleine i huset sitt, teipa på hender og føter. Påført rundt 25 slag, truleg alle med balltreet som den 27 år gamle austevollingen og hans sju år yngre kamerat hadde med seg til Halsnøy for å truga «sanninga» ut av 60-åringen.

Dei sterke bileta avdekte ei vedvarande og blodig ugjerning som står i kontrast til den hovudtiltalte 27-åringen si forklaring om at han ville slå Hvidevold medvitslaus for at han ikkje skulle tilkalla hjelp, at han ikkje slo for å drepa.

Hvidevold ville ikkje hatt sjanse til å overleva, sjølv om han hadde fått legehjelp kort tid etter, var Gades institutt og Haukeland universitetssjukehus sin klare konklusjon etter obduksjonen av 60-åringen som blei drept på Halsnøy i Sunnhordland 18.oktober i fjor. Det fortalde Inge Morild, professor i rettsmedisin i si sakkyndigeforklaring for Sunnhordland tingrett i går.

Asbjørn Hvidevold fekk ti slag mot hovudet, nokre av slaga knuste panne, nasebein og skallebein og var ifølgje professor Morild fatale. I tillegg fekk 60-åringen smertefulle slag mot hender, skulder, bryst, kne og lår.

Dynka med blod

Trass den omfattande valdsbruken som dynka hallen i Hvidevold sitt hus med blod, kan 60-åringen ha lege fleire timar med smertefulle kutt— og brotskadar før han døydde. Fordi han var bunden med ein fem centimeter brei teip, greidde han aldri å koma laus for eventuelt å varsla om overfallet. Hvidevold har etter alt å dømma greidd å vri seg laus frå teipen som festa hendene til ein trappestolpe, men ikkje frå teipen rundt føtene.

Ved sida av Hvidevold låg armbandsuret festa til teipen som han var forsøkt festa til eit trappegelender med. Det var blod på golvet, på teppe, vegger, klede og på ein lenestol og ei trapp, og blodsprutmerke på taket og ein spegel. 60-åringen har kjempa for livet der han blei påført slag etter slag fleire stader i entreen. Før han fekk påført dei siste slaga har han anten krabba eller blitt slept blodig over golvet, syner blodmerke og spor som kriminalteknikarane fann på åstaden.

Sjølv då offeret låg nede må han ha blitt påført ei rekkje harde slag med den 76 cm lange og vel halvkilo tunge baseballkølla i aluminium som kameratane frå Austevoll hadde med seg for å «truga sanninga ut av» Hvidevold. Det konkluderer rettsmedisinar Morild og kriminalteknikarane Oddvar Moldestad og Arthur Tvedt frå Hordaland politidistrikt som alle tre forklarte seg i Halsnøy-drapssaka i Sunnhordland tingrett i går.

Drapstiltalte gøymde seg

«Sanninga» var for 27-åringen ei tilståing frå Asbjørn Hvidevold om at han hadde noko å gjera med Bente Bjørgen si drukning på Austevoll i 2003. Bjørgen var sambuar med 27-åringen sin medtiltalte far inntil ho blei kjærast med Hvidevold i 2002.

27-åringen sat i retten i dag med hovudet i hendene bøygd under bordet då kriminalteknikarane viste bilete frå åstaden på Halsnøy like etter drapet. Då professor Morild gjekk i detalj om skadane Hvidevold var påført, fekk 27-åringen og den medverknadstiltalte 20-åringen rettens medhald i ønsket om ikkje å vera til stades i rettslokalet. Berre den tiltalte faren til 27-åringen sat att på tiltalebenken saman med dei tre forsvararane då Morild gjekk gjennom skadeomfanget på drapsofferet.

I dag er det faren sin tur å forklara seg for tingretten. Han er tiltalt for medverknad til lekamsskade med døden til følgje. Politiet meiner at han påverka sonen til å utføra den brutale handlinga på Halsnøy.