— Vi bur i eit nabolag med mykje narkotika, og har fått nok av bråk og sprøyter som ligg slengt overalt, seier Jannie Skjerven.

Etter Kristiane Jacobsen sin død tok ho saman med Ann Helen Håvik initiativ til fakkeltoget som fekk over 700 oddingar ut i gatene for å demonstrerte for eit betre Odda. No kan den tragiske hendinga få ein positiv konsekvens.

Pengar til narkohund

Dei engasjerte småbornsmødrene har no starta organisasjonen REAGER!!, og har i år fått ansvaret for 17.mai-feiringa i Odda. Overskuddet frå feiringa skal gå til ei ny stifting som skal skaffe pengar til å trene opp og drifte ein narkotikahund som skal disponerast av Odda-politiet. Stiftinga er danna av Harald Hveem, Inge Lægreid og Terje Tverdal som har fått med seg Rotary, Lions Club og Odd Fellow.

— Vi bidrar med halvparten av overskuddet frå 17. mai om det blir over hundre tusen kroner, blir det mindre gjer vi alt over femti tusen. Resten av pengane vil vi bruke på forebyggande tiltak. Til dømes ungdomsarrangement og informasjonsarbeid på skular og liknande, seier Skjerven.

Positive reaksjonar

REAGER!! heldt også appell under 1. mai-feiringa i Odda og har berre møtt positive reaksjonar på tiltaket.

— Vi har fleire planar framover og trur dette kan vere med på å gjere Odda til ein betre stad å bu. Sidan februar har me fått over åtte hundre medlemmar på Facebook-gruppa vår, og talet berre aukar, fortel Skjerven.

Kva kan gjerast for å stoppe narkotikabruken i Odda?

REAGERAR: Over 700 oddigar deltok i fakkeltoget mot narkotika. ARKIVFOTO