2. oktober set seks norske jenter seg på flyet til Equador for å kapp-rafta i elva Quijos ti dagar seinare.

Sjeldan har eit norsk landslag i rafting vore så godt førebudd, fysisk og psykisk. Det trengst når det skal målast krefter med tsjekkarar som vann på heimebane i fjor, og favorittar frå New Zealand.

Individualistar i same båt

— Vi er alle instruktørar i rafting, vande med å vera sjef på kvar vår «skute». I VM skal vi alle padla i same båt. Vi må ta oppgåver som vi vanlegvis instruerer andre til å gjera, seier Gudveig Lilleengen (27) til Bergens Tidende.

Raftaren frå Sjåk i Gudbrandsdalen har bytta ut Sjoa med Vossavassdraget og skaffa seg jobb som sjukepleiar på Voss. Her kjem halve landslaget frå, og det er alltid ei perfekt elv å rafta i. Raundalselva byr på dei ultimate utfordringane, men er vassføringa for stor, er anten Standaelva eller Vosso høveleg.

Kapteinen på laget, Ragne Berre (30) frå Bærum, kombinerer lærarjobb på utmarkslina ved Voss jordbruksskule med instruktørjobb på Raftingsenteret.

Dei tre vossajentene som er med er Gunvor Wæhle (36), Silje Skorve (24) og Gry Bystøl (21). Sistnemnde studerer utanbygds, og må skofta ei og anna trening. Den som har minst høve til å trena saman med laget, er «mor sjølv» i norsk kvinnerafting, Ine Skjørten, psykolog på Kongsberg.

— Manglar vi ei jente på treninga, så overtalar vi ein reserve til å ta plassen. Manglar to, så trenar vi med fire jenter i båten. Vi må alltid ha like mange på kvar side, elles blir det ugreie, fortel Ragne Berge.

Framand båt, lette årar

Denne treningsøkta er lagt til Raundalselva. Båten blir pumpa opp like nedanfor Skipleseidet mellom Skiple og Reimegrend. Fire av jentene er med.

— Må båten fraktast med til Equador, slik at de kan bruka den båten de er vande med?

— Nei, det får vi ikkje lov til. Alle dei deltakande laga får utlevert ein fabrikkny båt av arrangøren, alle av same merke. Alle båtane skal vera like, fortel kapteinen.

— Vi får visst høve til å kjøpa vår båt etterpå, legg ho til.

— Om vi har råd, skyt Gunvor Wæhle inn. Ho har utdanning i både idrett og økonomi.

— Vi er svært takksame for sponsorstøtta frå del lokale næringslivet. Utan desse pengane hadde vi aldri kunna gjennomført prosjektet, seier ho.

VM-tilskiparen fyljer opp Hardangeruttrykket «Aokans baot og dekans aorar». Båt får deltakarane låna, årar kan dei ta med seg.

— Kjenn kor mykje lettare denne åra er enn dei vanlege på Raftingsenteret, demonstrerer Silje Skorve.

Den proffe padleåra har skaft av aluminium og åreblad av glasfiber.

Baklengs i Tømmerhola

Fossen ved Skiple blir forsert i godt driv. To mannlege instruktørar frå Raftingsenteret prøver ut «løypa» i kvar sin elvekajakk først. Dei er med for å ivareta tryggleiken under treningsøkta. Ein båt åleine i elva er for risikabelt. Innimellom blir dei borte i vassdrev og skum. Men dei dukkar opp att. Raftingbåten verkar langt meir klumpete. Jentene brukar årene i eitt sett. Silje er nesten ute av båten når det står på som verst.

Ovanfor det svære stryket Tømmerhola, ved den nedlagde skulen ovanfor Raundalskyrkja, er det tid for synfaring og allmannamøte. Elva er striare enn dei hadde trudd. Dette nærmar seg grensa for det forsvarlege.

Dei bestemmer seg for å prøva.

Det går ikkje heilt bra.

Før dei er komne halvvegs ned, snurrar båten rundt, og dei går baklengs utfor neste avsats. Så blir dei borte i frådande vassmassar.

Men så dukkar dei opp att. Med alle fire om bord.

— Eg var sikker på at eg skulle ramla i vatnet, og let att augo. Men då eg opna dei att, var eg framleis i båten, vedgår Gudveig Lilleengen.

  • Var du redd?

— Nei, eg var innstilt på å måtte symja ned den siste biten. Under synfaringa fann vi ut at det kunne symjast ganske farefritt der.

— Når de har rafting som yrke, kva gjer de på fritida?

— Då padlar vi elvekajakk, seier Gunvor Wæhle kjapt.