– Min bil er ikkje totaktar, det er ein firetakters Trabant Lupant. Og han har nymotens ABS-bremser, insisterer Ralf Roggan frå Frankfurt an der Oder, ved grensa mot Polen.

Han viser stolt fram eit nystrigla eksemplar av krysninga mellom Trabant og VW Lupo anno 1991. Trabantkarrosseri og Folkevognsmaskineri med ein liters motor og 55 hestekrefter.

– Eg er nesten sikker på at dette er einaste bilen som finst av denne typen med fire dører i dag, seier han.

Duro plastic utan plast

– Lupanten har metall i berande deler av karosseriet. Resten, mellom anna taket, er av duro plastic, det vanlegaste karosserimaterialet på Trabantane, fortel han.

Visste du forresten at det ikkje finst plast i austtysk duro plastic?

– Kompositten er eit reint naturprodukt. Bomull blanda med kvae (harpiks) frå tre. I DDR-tida, då dei fleste Trabantane vart laga og hard valuta var mangelvare, vart brukte bomullsklede finhakka og lempa i blandinga, fortel Roggan.

Eit 10–12 centimeter tjukt lag med blanding av bomull og kvae vart lagt i forma og pressa saman under høgt trykk og høg temperatur, til 3–4 millimeter tjukke karosseriplater.

Retur frå Tyrkia

Den aller nyaste bilen i fyljet, ei stasjonsvogn, vart registrert første gong så seint som i 1996.

– Det kom eit parti Trabantar i tyske bilbutikkar dette året. Dei vart eigentleg laga fem år tidlegare og eksportert til Tyrkia. Men der gjekk handelen tregt. Difor vart dei tekne heim att til Tyskland, overhala og selde som nye, fortel Rogge, som driv bilfirma i Frankfurt-området.

Akkurat no er han på Trabanttreff i solskin og Vestlandsnatur, arrangert av Bernd Knaack som driv reisebyrå i Uranienburg.

Dei aller fleste trabantane i fyljet er veteranbilar. Mange frå 60-talet.

– Vi har vore utruleg heldige med vêret. No viser vestlandsnaturen seg frå si beste side. Deltakarane er begeistra, og det same er TV-folka frå ZDF (Zweites Deutsches Fernsehen), seier Knaack under ein rast på Åse ved Tørvikbygd. Der driv Berit Ophus og Lars Tyssebotn med sau og geiter, yster ost, spekjer kjøt og driv gardsrestaurant.

Iveren vart ikkje mindre då dei kunne gå bak Steinsdalsfossen ovanfor Norheimsund og filma bilar og folk gjennom fossesløret.

Stor interesse

– Dette bli framifrå TV. Norsk natur og austtyske veteranbilar fengjer interessa, seier redaktør Anke Neuzerling i ZDF, det tyske førebiletet for TV 2.

Teamet hennar skal laga fire innslag på fem minutt kvar. Dei skal sendast på ZDF sitt frukost-TV i slutten av juni.

– Kvifor slik interesse for ein putrande totaktar av ein bil?

– For sjåarar i aust er dette nostalgi. I vest er det faktisk nytt, og på begge sider ar det mange bilinteresserte.

– Korleis kan Trabant vera nytt for vesttyskarar?

– Vi visste at bilen eksisterte, men ikkje korleis han såg ut. Du såg aldri ein Trabant i Vest-Tyskland før muren fall. Ingenting skulle importerast over grensa i den kalde krigen. Personleg hadde eg sett ein Trabant – på ferie i Tsjekkoslovakia, seier Anke Neuzerling.

Hva synes du om saken? Si din mening i kommentarfeltet under!

LANG, LANG REKKE: DDR si folkevogn Trabant på rekke og rad langs Hardangerfjorden. Det fanst mange slike putrande totaktarar her i landet på 60-talet, men for vesttyske TV-tittarar er dette nytt og spanande. For austtyskarane er det nostalgi.
Deisz Ørjan
KROKODILLEAKTIG: Salmakar Manfred Kalhytta har brukt flid på interiøret. Men seta er ikkje trekt med krokodilleskinn. Det ser berre slik ut.
Deisz Ørjan
KRYSNING: LuÞant LX 1.0 har maskineriet til ein Volkswagen Lupo og karosseriet til ein Trabant, med tak av bomull og harpiks.
Deisz Ørjan
GLAD TANK: I vestnorsk solskinnsnatur høver det godt med smilefjes på spylevesketanken når ein nystrigla Trabant er på veteranbiltreff.
Deisz Ørjan