Satsita Osmanovna Inalova og den mindreårige sonen har sidan sommaren 2004 budd på asylmottaket i Førde. Tidlegare i år avgjorde UNE at familien ikkje fylte vilkåra for å få opphald.

Etter at vedtaket blei klaga på, har nemnda no gitt politiet melding om at dei to ikkje skal sendast ut. UNE understrekar at avgjerda ikkje inneber at dei to vil få opphald. Men dei vil få vere i Norge til saka er ferdig handsama.

Familiens advokat er likevel litt optimist:

— Slik utsetjing sit normalt langt inne.

Jan Erik Mellemberg har fått frist ut januar med å sende inn oppdaterte opplysningar om asylsøkjarfamilien. Deretter vil UNE handsame saka på ny.

Far drepen

Under den første krigen i Tsjetsjenia, blei sju år gamle Anzor vitne til at russiske soldatar henta faren i heimen i hovudstaden Grosnyj. Soldatar gjekk frå hus til hus med hundar og henta ut mennene. Hundane gjekk til angrep.

— Eg såg ikkje at far min døydde. Men eg høyrde det, fortalde Anzor då Bergens Tidende for nokre veker sidan møtte asylsøkjarfamilien.

Mora var fødd i naborepublikken Ingusjetia, og etter drapet på ektemannen flykta ho, Anzor og mannens familie dit. Ifølgje kaukasisk skikk skal ei kvinne som blir enke overlate oppdraginga av barna til den avdøde ektemannens familie.

Då Satsita nekta å gje slepp på sonen, fekk ho vanskar med svigerfamilien. Til slutt henta Satsita sonen på skulen der han fekk gå nokre timar kvar dag. Ei venninne hadde på førehand hjelpt med pengar, og dei to flykta via Moskva og Hamburg til Noreg.

Trur ikkje på dei

Når Utlendingsnemnda no vil sende kvinna og tenåringen tilbake, er hovudårsaka at dei ikkje trur på historia. Konkret peikar nemnda på forholdet til svigerfamilien. Opplysningar om dette kom fram først etter at familien hadde vore i landet ei stund, noko nemnda finn lite truverdig. Nemnda meiner kvinna og sonen ikkje kan sendast tilbake til Tsjetsjenia, men at dei vil kunne busetje seg andre stader i Russland.

Advokat Mellemberg meiner UNE tek feil, og støttar seg på opplysingar frå FN og danske utlendingsstyremakter. Kaukasiske minoritetar vil i praksis ikkje kunne slå seg ned andre stader enn der dei hadde bustadregistrering. I dette tilfellet vil det seie Tsjetsjenia. Advokaten meiner også skikken med at familien til avdøde ektemenn tek over ansvaret for born, er godt dokumentert.

— Det vil bryte med barnekonvensjonen å sende dei to tilbake, meiner advokaten.

FEKK UTSETJING: Anzor og Satsita får bli i landet til UNE har sett på sakadeira på ny. Den tsjetsjenske familien har sidan i fjor sommar budd påasylmottak i Førde. ARKIVFOTO: TERJE ULVEDAL