Den eine av dei to knapt to månader gamle kattungane i Kusslia i Førde hadde gøymt seg mellom kleda inne i vaskemaskina i sekunda før vaskestart. Ingen i familien Rivedal såg det.

— Medan kona var i eit anna rom og henta meir vasketøy, som skulle med i den same vaskeomgangen, hadde kattungen hoppa inn mellom kleda som alt var på plass i maskina. Der inne fann kattungen det lunt og godt, og den vesle gråpusen var heilt usynleg når meir klede vart kasta inn gjennom vaskemaskindøra, fortel husfar Tor Rivedal til Bergens Tidende.

Klar for 60 grader

Såpe vart fylt på, døra smalt igjen og straum og vatn tilkopla, klar for oppvarming til 60 grader celsius.

— Då starta eit ordentleg spetakkel i vaskerommet. Den andre kattungen, frå same kullet som gråpus inne i maskina, laga eit lurveleven. Han pleier vera ganske stille av seg. No stilte han seg i vaskeromsdøra og mjaua noko forferdeleg. Han gav seg ikkje med mjauinga, men heldt fram med levenet rett framfor vaskemaskindøra, seier Tor Rivedal.

Familien tok signalet

Då greip familien inn.

— Vi stansa vaskemaskina, for vi knytte lurvelevenet til den vesle kattungen direkte til det faktum at ingen av oss hadde sett den andre kattungen dei siste fem-seks minutta, seier Tor Rivedal.

Dei fekk kjapt opp vaskemaskindøra ved hjelp av nødåpnaren. Og der - mellom dei våte kleda - låg gråpusen.

Oppvarminga av vatnet var nett starta.

— Heldigvis, seier husfaren.

Kattungen var solid innsåpa og våt etter sine fem minutt i maskina.

Det gjekk nokre timar med tørking og varming framfor radiatoren, før gråpusen kvikna heilt til igjen etter runddansen inne i vaskemaskina.

KATTEVASK: Det var litt av ein kattevask gråpusen var i gang med då den svarte kattungen på akkurat same alder slo alarm. Derfor har Renate Rivedal to levande kattungar også i dag.<p/>FOTO: TERJE ULVEDAL