PER MARIFJÆREN

For tida er Pugh i ferd med å legge dei siste planane for ei ny bragd, nemleg ein iskald svømmetur rundt nordspissen av Svalbard.

Lengst, nordlegast, kaldast

— Eg ønskjer eigentleg ikkje å seie så mykje om prosjektet enno, for det er framleis ein del som ikkje er heilt i boks, seier Pugh, som i desse dagar oppheld seg i området ved Sognefjorden der han i fjor svømte sin 21 dagars tur på 204 kilometer.

Svalbard-turen skal etter planen finne stad 18. og 19. august, og skal vere den nordlegaste langdistansesvømminga som er gjennomført i verda. Planen er å runde det mest nordlege punktet på Spitsbergen. Lukkast han, vil han også slå sin eigen rekord frå 2003 då han svømte rundt Nordkapp.

Tilbake til Sognefjorden

Ifølgje Pughs nettside, vil vatnet rundt Spitsbergen halde mellom to og fem grader celsius i midten av august, og etter regelverket til English Channel Swi m ming Association skal han berre vere iført badebukser og svømmehette. Våt- eller tørrdrakter er altså utelukka.

I så låge temperaturar er det begrensa kor lenge eit menneske kan klare å svømme, og Pugh meiner på si nettside at han vil klare å gjere unna ein distanse på to kilometer i løpet av 30 minuttar.

Gordon Lewis Pugh vart nærast folkehelt då han gjennomførte sin svømmetur frå inst til ytst i Sognefjorden sist sommar.

Også denne sommaren ønskjer engelskmannen å kome tilbake til Sognefjorden, og håpar blant anna å få i stand eit fjord-svømmestemne der deltakarane skal krysse Sognefjorden på tvers.

Utan å bruke båt, må vite.