1. og 24. august blei det arrangert Marknadsdagar på Norsk Trikotasjemuseum. I strålande solskinn var det mange som fann fram til oss, over 700 stykk.

Dei kunne handla ulike ting på marknaden inne i den gamle strikkefabrikken. Der var det 20 utstillarar frå Hordaland som selde ulike ting dei hadde laga av tekstilar, i keramikk, av glass og tre. Det var også heimelaga såper og mykje anna. I kafeen selde museet heimelaga ertesuppe og heimebakte kaker. Det smakte!

Lørdagen varma Bergenstollekniven opp smia, og særleg barna synst dette var veldig spanande. Elles på museet kunne barna vera med på eventyrlesing og dei kunne laga hattar. Her var kreativiteten stor! På syloftet i den gamle strikkefabrikken sydde tidlegare sydamar sokkar og salhusgensaren.

Det var også muleg å spørja konservatorar om restaurering av mellom anna gamle hus, skinn, lær, tekstilar og glass. Bevaringstenestene tilbydde omvisingar i deira verkstad.

Me satsar på eit like godt arrangement neste år!

Sjå fleire bilder her!

Mykje moro på hatteverkstaden. Foto: Norsk Trikotasjemuseum