Psykisk sjuke som er så vanskelege å handtere at politiet må tilkallast har vorte ein stadig større del av kvardagen i Hordaland politidistrikt.

— Vi har opplevd ein markant auke i talet på slike saker dei siste to åra, seier assisterande politimeister Bernt Solberg.

I eit brev til Politidirektoratet klagar Solberg over at dette arbeidet tek for mykje tid. «Det synes derfor som svært ønskelig at politiets bistand til helsevernet bør begrenses til reell bistand for å beskytte pasientens liv og helse eller å beskytte helsepersonell», skriv Solberg.

I timesvis på legevakta

Politidirektoratet har gått i gang med å kartleggje ressursbruken i slike saker landet over. I det tidlegare Bergen politidistrikt vart det i fjor brukt 2682 arbeidstimar på psykisk sjuke. Det tilsvarer om lag 1,5 årsverk. Landstala er enno ikkje klare.

— Oppdraga spenner frå tilfelle der vi må hjelpe med transport av farlege pasientar til saker der vi sjølve hamnar i situasjonar med opplagt sjuke folk, seier Solberg.

Av dei oppdraga han gjerne skulle vore forutan, er somme turar til legevakta.

  • Vi har hatt tilfelle der vi har venta på legevakta i timesvis med ein pasient som skulle inn til lege, seier Solberg.

Sjukehuset må leige politi

Direktør Kjell Håland ved Sandviken sykehus er ikkje glad for at dei med jamne mellomrom må be politiet om hjelp.

  • Vi prøver å unngå det. Helst bør helsevesenet ta seg av sjuke folk og gje dei behandling og omsorg, seier Håland.

Det er spesielt pasientar som har rusa seg som er vanskelege eller farlege.

— Vi har opplevd ein auke i talet på saker med kombinasjonen av rus og psykiatri. Desse er ofte veldig krevjande, seier Håland.

I tillegg til transportoppdrag hender det også at politiet må hjelpe til inne på sjølve sjukehuset for å halde kontroll på pasientane.

— I periodar må vi dessverre leige inn politihjelp, seier direktør Håland, som skulle ønskje seg god nok beredskap med dei rette fagfolka for å unngå slike løysingar.