• Kritisk mangel på legespesialistar
  • Uforsvarleg lang ventetid
  • Fastlegar tek ikkje ansvar for å følgje opp pasientane sine
  • Mangel på indivuelle behandlingsplanar

Dette er i grove trekk konklusjonane i ei oppsummering av tilsyn med helsetenester til barn og unge med psykiske problem i Hordaland. Fylkeslegen har undersøkt tilbodet i Bergenhus og Årstad bydelar, i Fjell og Øygarden kommunar og BUP-klinikkane i Bergen sentrum og Fjell, og resultatet er nedslåande.

— Situasjonen i barne- og ungdomspsykiatrien er på ingen måte slik den skal vere, seier fylkeslege Helga Arianson.

— Frå vår ståstad er dette klart dét helsetilbodet som har størst forbetringspotensiale i Hordaland.

Uforsvarleg drift

Arianson er uroleg over at barn med store psykiske problem må vente så lenge før dei får behandling. Lengst er ventetida på den barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikken i Fjell, der barn må stå i kø inntil halvanna år.

— Vi skal hugse at desse barna ikkje står i kø for banale ting, men har alvorlege problem. Dei er i starten av livet, og det er viktig at dei får hjelp så tidleg som mogleg, før problema blir endå større.

Ved poliklinikken BUP-sentrum er forholda særleg kritikkverdige. I eit brev til Helse Bergen HF skriv Fylkeslegen at verksemda ikkje tilfredstiller krava til forsvarlege spesialisthelsetenester, verken når det gjeld utgreiing, diagnostikk, behandling, legebehandling eller oppfølging av pasientane.

— Svært mykje må gjerast for å bringe barne- og ungdomspsykiatrien opp på eit nivå, der pasientane kan få den hjelpa dei treng, utan å vente urimeleg lenge, seier Arianson til BT.

Fire av ti stillingar ledige

Til Barne-og ungdomspsykiatrisk avdeling på Haukeland universitetssykehus kjem det inn mange psykotiske barn. Dei er mykje sjukare i dag enn for berre få år sidan.

— Om dette er ei tilfeldig bølge eller ein varig tendens, har vi ikkje grunnlag for å uttale oss om, seier avdelingsleiar Tor Visnes til BT.

På Haukeland er ventetida fire månadar for psykisk sjuke barn under 13 år.

— Det er til å leve med, men sjølvsagt ønskjer vi at ventetida skal bli kortare. Fire månadar er lenge i eit barns liv,

Også på Haukeland slit avdelinga med å rekruttere fagfolk. No står fire av ti spesialiststillingar ledige.

Mangel på faglege ressursar

Ved årsskiftet vart det oppretta eit eige prosjekt i Hordaland for å rekruttere yngre legar til spesialistutdanninga.

— Eg trur ikkje vi kunne gjort noko på kort sikt med meir pengar, det er dei faglege ressursane det står på. Årsaka til rekrutteringsproblema er at vi er så få. Det finst berre cirka 150 spesialister i heile landet, forklarar Visnes.

— Kvifor er det så få?

— Det kan være at barne- og ungdomspsykiatri ikkje er høgstatusfag, men slikt er det forferdeleg vanskeleg å svare på.

«Uforsvarleg»

Det er langt frå berre Hordaland som slit med eit altfor dårleg tilbod til barn og unge med psykiske problem.

I går la Statens helsetilsyn fram Tilsynsmelding 2002, som også inneheldt nedslåande resultat etter eit landsomfattande tilsyn med barne- og ungdomspsykiatrien. Den omtalte tilsynsrapporten frå Hordaland inngår i dette materialet.

I ei pressemelding karakteriserer Helsedirektøren karakteriserer forholda som «uforsvarlege», og krev at styresmaktene ordnar opp.